Planter og miljø

Klima og topografi avgjer innvandring og etablering av plantesamfunn.
Ein økologisk balanse er ein biotoptilstand for berre nokre hundre og tusen år om gongen. Plantesamfunna avløyser kvarandre, såkalla suksesjonar, slik det plantmiljo.jpg (14270 bytes)har skjedd fleire gongar dei siste 10.000 åra, sidan slutten av siste istid.
Mange endringar er også menneskeskapte, for at vi skulle skaffe oss jordbruksjord og beiteland, og no endrar vi vérlaget ved utslepp av klimagassar. Kulturlandskapet har endra seg i takt med endringar i jordbruket.

På den andre sida kan også plantene gjensidig påverke miljøet, og dette utnyttar vi ved å bruke busker og tre etter våre planar i landskapet.