Kulturlandskapet dør, leve kulturlandskapet!
Firda 07.07.2000
Kulturlandskapet er i forandring. Bøndene som er viktige aktørar, får endra vilkår, som speglar seg i bruken av landskapet. No ottast miljøvernarar for at mange artar, knytt til det gamle kulturlandskapet, vil forsvinne med det. Særleg kystområda og gamle setervollar er truga, og halvparten av artane kan verte utrydda i løpet av 20-50 år. Dei ønskjer å ta vare på det gamle kulturlandskapet, ved hjelp av tradisjonelle metodar. Men er samfunnet interessert i det, og villig til å betale for det?
Endringar i kulturlandskapet dei siste 50 åra
Kulturlandskapet er eit landskap styrt og påverka av menneske, og dermed vil dette landskapet vere i kontinuerleg endring. Kulturlandskapet omfamnar alt frå jordbruks- til bylandskap og det er langt fleire enn bonden som påverkar det. Utbygging til veg-, vassdrag-, industri- og buføremål set óg sitt preg på landskapet. Det landskapsbiletet som særleg reiselivsnæringa er interessert i, og som er sjølve kulturlandskapet for mange, er eit landskap med beitande dyr og spreidde tregrupper. Ofte vil dette vere eit romantisk bilete som krev at ein fastheld éin situasjon i landbruket og landskapet, bunden til ein bestemt epoke. Dette vil vere ressurskrevande og krev i stor grad særskilde støttetiltak frå det offentlege.
Eit levande landskap skal vere i forandring. Men ved inngrep må planleggaren vere medviten om at landskapet kan og bør formast og pleiast på ein måte som samla sett tar vare på lokalt særpreg og gjer landskapsbiletet rikare. Berre dei siste tiåra har det skjedd store endringar i gardsdrifta, som ikkje har endra bruken av arealet i særleg grad, men som likevel endrar biletet. Ein kan nemne nye kulturar som juletre og pyntegrønt, blåbær. Desse ruver enno ikkje i landskapet, men vil endre biletet sterkt om nokre år. Elles har det skjedd endringar i driftsforma: innføring av rundballar i grovforproduksjon og intensivering i fruktproduksjon: lågstamma tre, regnskjerm i morellplantasjene.
Dei største og mest iaugefallande endringane som har skjedd i jordbruket sitt kulturlandskap, heng saman med rasjonaliseringa i landbruket. Store areal har vorte samanslått, elvar er kanaliserte, og utmarka har i stor grad gått ut av drifta.
På den andre sida skjer ei ekstensivering. Bruk vert lagt ned og driftseiningar vert slått saman. Dette skaper nye strukturar i kulturlandskapet som saman med omfattande attgroing vil gi dei største endringane i landskapsbiletet i framtida.
Biologisk mangfald før og no
For hundre år sidan var krinsløpet på landsbygda meir lukka enn no. Husdyrgjødsla frå fjøsen vart brukt på innmark, og utmarka vart berre tilført gjødsel frå dei beitande dyra. Både lynghei og seterdrift hadde ein balanse mellom gjødsling og avling, og sytte for ein stor biodiversitet i utmarka. Lyng, pors og ulike bærslag vart nytta i større grad enn no. Gjødslinga var ikkje så sterk at kravstore planteslag dominerte og reduserte artsmangfaldet. Men ei viss gjødsling er likevel nødvendig, for artsmangfald krev absolutt næring. Trevegetasjon var nærast fråverande på lyngheiane.
Rasjonaliseringa førte til den største reduksjonen i mangfaldet. Sterk gjødsling førte til ei utarming av plantesetnaden på innmark. Fordi kantsonene forsvann, vart og det totale artsmangfaldet redusert. Det vart vanskelegare for insekt, fuglar og andre dyr å finne mat og skjul. I utmarka vart artsmangfaldet gradvis redusert når jordsmonnet vart utarma. Men det kom og kjem óg inn nye artar, særleg trevegetasjon.
Kulturlandskap og politikk
Landbrukspolitikken til ei kvar tid vil påverke landskapet og mangfaldet. Da ein såg at rasjonaliseringa hadde uheldige konsekvensar, både for artsmangfaldet og jordbruket, vart kulturlandskap eit sjølvstendig mål i jordbrukspolitikken. Det kom fleire støtteordningar for å motverke forureining og å auke det biologiske mangfaldet, for å gjere landskapet mindre sårbart. Vegetasjonssoner som bryt opp landskapet er verdifulle, både mot forureining og som frisone for truga dyre- og planteartar. Beiting er einaste alternativ mot attgroing i utmark. Mange stader i Sogn og Fjordane, i bygder med mange småbruk som gradvis vert nedlagd, har beitedyra meir enn nok med å halde innmarka i hevd. Jordbruksoppgjeret i år gir ein reduksjon med fleire millionar til sauehald i fylket, og det er vanskeleg å sjå korleis dette kan sameinast med målsettingane. Mangesysleriet skal det ikkje vere plass til lenger. Einsidig bruk vil overta.
Økonomisk sett vert krava til bøndene stadig større. Dei må ha stadig fleire dyr og drive meir rasjonelt for å få eit utkomme av drifta. Då er det vanskelegare å kombinere jordbruk med eit anna yrke. Stilt ovanfor det valet, må mange bønder legge ned eller legge om til mindre intensiv drift.
For å ta vare på eit kulturlandskap må det skjøttast, fordi det er knytt til éi driftsform. Når driftsforma forsvinn av økonomiske årsaker, må skjøtsel av kulturlandskapet betalast av andre midlar. Forbrukarane er ikkje villige til å betale meir for produkta om dei vert framstilt på gamle måten. Då må ein akseptere at nokre artar vert utrydda i Noreg.
Attgroing er eit døme på endra bruk og for mange som opplever dette som eit forfall, skapar det eit kjensleproblem. Bonden kan med rasjonell utnytting av dei beste areala få ei god avling, og utmarka går attende til naturen. Miljøpolitisk kan dette vere ein gunstig situasjon. Vel å merke dersom ein verkeleg vil at menneske sine inngrep skal reduserast. Jorda vert gradvis utarma, vassdraga mindre forureina - men også surare -, og ein del av biomassen går ut av det kortaste krinsløpet for næring med årleg rotasjon. Attgroinga er kjenneteikna av einsaldra vegetasjon som kjem svært tett. Eit byperspektiv er at attgroingsskogen gjerne kan verte urskog att, og det lar seg ordne over nokre hundre år. Eit bygdeperspektiv er derimot bruksendring, frå jordbruk til skogsdrift. Denne tilveksten kan nyttast i fullverdige skogprodukt. Tett kratt kan ved tynning gi bjørketømmer, og tynningsveden kan nyttast til ved. Vannris og stubbeskot vil kunne komme opp der det ikkje vert beita, men dei vil vere undertrykte og dei store trea vil danne hovudinntrykket. Ved å opne opp i krattet kan dette verte til nye beite, om det finst beitedyr, og tømmeruttak opnar for ny planretta drift..
Frå miljøvernarar vert det hevda at svært mange artar er truga med utrydding, men berre delvis er det rett.. Artar som er sterkt knytt til dyrka areal, med spesielle forsiktige driftsformer vil forsvinne om desse areala vert borte. Andre kan, med svakare drift få betre kår, fordi ein stor, einsidig åker med sterk gjødsling og kjemisk plantevern, er som ein ørken. Berre nokre få meter kantområde vert i dag nytta av dyra, både insekt, fuglar og smådyr. Dei treng kantsonene til skjul og planteartar som veks der til føde. Etter innsats med miljøplantingar i landbruket vert kantsoner og andre vegetasjonssoner no planlagt slik at dei vert artsrike. Det er i den samanheng observert at tal insekt faktisk aukar. Likevel er det balanse mellom nytte- og skadeinsekt, slik at rasjonell gardsdrift og avlingar ikkje er truga. Såleis vert moderne drift på slike tilpassa arealeiningar miljøvennleg i tillegg.
Kulturlandskapet set sitt preg på oss, nesten utan at vi merker det. Det finst mange gode døme på kulturlandskap, der ein til og med har halde tradisjonen i hevd. Tradisjonen skaper forventningar og idealbilete, i Sverige den raude stua i skogen, i Noreg den raude fjøsen, sjølv om han knapt er 100 år gamal.
Men kulturlandskap er eit felles gode, og eit felles ansvar. Kva med alt rot som ligg omkring, avfallstippar frå allslags bygdefolk? Her må alle ha ei holdning til estetikk og eigne handlingar.
Landbruket har eit stort ansvar for kulturlandskapet. Men for at bøndene skal ta vare på det, må det vere optimisme i næringa. Dagens jordbrukspolitikk fremmer ikkje optimismen, og i staden for omlegging kan vi oppleve forfall. Arbeidsglede i landbruket gir overskot til innsats der auge óg skal ha sitt, men det oppnår vi først når bonden finn grunn til å vere like stolt over yrkesinnsatsen sin som representantane for dei nye vekstnæringane. Primærnæringane kan ikkje tømmast for folk om vi vil ha "gartnarar i landskapet".
Anne Erstad
Rådgivande Agronomar AS