Velkomen Vi er i utgangspunktet to personar, underteikna og mi kone Anne Erstad-van der Vlugt, som tek på seg konsulentarbeid innan rammene for dette aksjeselskapet. Begge er vi dr. scient. innan landbruksvitskap. Vi driv med forsking, konsulentarbeid og tilrettelegging av fagkunnskap. Vi har kontor og laboratorium i Korssund i Fjaler, Ytre Sunnfjord. Gjennom våre prosjekt deltar også ein russisk forskar
(planteernæring og matematisk modellering), Dr. Nikolai Y. Konovalov med base i
St.Petersburg. F.o.m. juli 2002 har cand.agric. Christian Hillmann trådt inn i vårt
arbeidsfelleskap som ny partnar i vårt "advokatfirma," først med kontor i
NLH-miljøet på Ås, seinare som naturforvaltar i Luster kommune, frå 2008 som
rådgivar hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Miljøvernavdelinga - som hovudvirke.
Han driv innan vilt-, fiske- og vassdragsforvaltning. Etter
kvart vart han seniorrådgivar hos Statsforvaltaren i Oslo og Viken åleine. All kultur er dyrking, først og fremst av jord. Med denne vår hovudnæring, primærnæringa, kan vi med basis i agronomi utvide våre arbeidsfelt, og dekkar fleire fagområde innan nye bygdenæringar, tilgrensande tekniske felt, og betring av natur- og miljøkvalitetar. Pour la Qualité de la Vie. Karl-Jan Erstad |