Bygg og anlegg

I Skriftene står det at du ikkje skal bygge huset ditt på sandgrunn - og heilt sikkert ikkje på kvikkleire. Svært mange anlegg er og vert bygde på dårleg grunn, og ein må inn med tiltak både for å førebygge og ofte også for å stabilisere i ettertid. Våre kunnskapar innan jordfag kan nyttast til avstiving av jordmasser ved hjelp av hydrauliske blandingar, som alternativ til spuntingsteknikk.

"Vann i Norge, vann av renhet", skreiv Nordahl Grieg. Med bruk av mykje overflatevatn og ein spreidd busetnad har ¼ av folket i Noreg altfor dårleg drikkevatn, og det er verst i distrikta. Vårt firma har store kunnskapar til å sette inn på dette fagområdet.