Anne Erstad-van der Vlugt, Rotterdam 1956.


  • Utdanning: sivilagronom med spesialisering planteforedling frå Landbruksuniversitetet i Wageningen, Nederland (1981).
    Hagebruk var valfag i planteproduksjon. Etterpå tok eg doktorgrad
    (Dr. scient) ved NLH i veksthusproduksjon av grønnsaker (1987).
  • Tilsettingar: Under arbeidet med doktorgraden var eg tilsett som vit.ass. ved institutt for grønnsakdyrking. Då dette vart samanslege til Institutt for hagebruk i 1987, flytta eg samtidig over til Seksjon for grøntanleggsplanter. Der jobba eg på prosjekt "Utval av klimariktige planter for Noreg", leplanting var ein del av prosjektet. I 1991 flytta vi til Fjaler og eg var tilsett i Planteforsk frå 1991 til mars 2000. Eg har arbeidd både med utval av prydbusker og pyntegrønt. Fylkesmannen si landbruksavdeling i Sogn og Fjordane brukte meg som konsulent i leplanting, og landbruksavdelingane i Hordaland og Møre og Romsdal støttar og brukarretta utviklingsprosjekt i miljøplanting. Frå mars 2000 arbeider eg på deltid som forskar/rettleiar i vårt firma. Hovudarbeid er lektor i ungdomsskulen.
  • Andre røynsler: I 1995 starta vi med eigen pyntegrøntproduksjon.
    Eg har halde føredrag for hagelag og gjennom Folkeakademiet. Saman med ekspertar i plantevern har eg skrive boka: Planter og plantevern, Landbruksforlaget 1998, og skriv korte notisar i fagblad, omsett frå nederlandsk.