TALE FOR 17. MAI I HELLEVIK 2002
Av Karl-Jan Erstad, Folkestad

Gode medborgarar: "Gratulerer med Grunnlovsdagen"

Først eit sitat av Storm P: "Jeg har nu min mening, og den holder jeg for meg selv."

Det er ei ære og ei tillit å verte beden om å halde tale på nasjonaldagen, og ved å verte tildelt ein talarstol kan eg tvert imot kvittere med spissformuleringa: "Hadde det å teie vore gull, så hadde eg vore blakk."

Det er fantastisk med vår norske nasjonaldag at han er samlande for heile folket, alle samfunnslag, barn og vaksne. Vi har ein ekte folkefest. Alle skal ha grunn til å føle seg vel til rette med feiringa, delta aktivt, gi oss identitet og nasjonalkjensle.

Grunnlova ga oss eit fotfeste for ein nasjonal og politisk kamp. Det heiter ganske skildrande i verket til historikar Sverre Steen om 1814: "Langsomt ble landet vårt eget."

Det er få land som har så gammal grunnlov som Noreg. Den rett gamle tradisjonen finn vi med politisk kontinuitet frå England, med vidgjetne Magna Charta, og gradvis utvikling mot britisk parlamentarisme, utan revolusjonar. Sjølve bygger vi på fundamenta frå den amerikanske revolusjonen frå 1776 og den franske frå 1789. Dynamitten i denne utviklinga var opprør mot kongeleg einevelde, adelskap og privilegium til spesielle samfunnsklasser, og desse følgande 3 hovudprinsippa for endring fôr som ei flodbølge gjennom store delar av Europa:

Mange andre land har med jamne mellomrom rusta seg med ny grunnlov, og mange spør seg også hos oss om Grunnlova ikkje har gått ut på dato. Dei fleste vil likevel seie at hovudlinene framleis ligg fast, og er nært knytt til borgar- og menneskerettar, slik at det er eit fundament for folkestyre og rettsvern. Ho sikrar landet vårt mot raske endringar, ja faktisk kupp ved å forhale endringar i statsform.

§ 112.
Viser Erfaring, at nogen Del af denne Kongeriget Norges Grundlov bør forandres, skal Forslaget derom fremsættes paa første, andet eller tredie Storthing efter et nyt Valg og kundgjøres ved Trykken. Men det tilkommer først det første, andet eller tredie Storthing efter næste Valg at bestemme, om den foreslaaede Forandring bør finde Sted eller ei. Dog maa saadan Forandring aldrig modsige denne Grundlovs Principer, men alene angaa Modifikationer i enkelte Bestemmelser, der ikke forandre denne Konstitutions Aand, og bør to Trediedele af Storthinget være enige i saadan Forandring.

Mange delar av Grunnlova har likevel vorte endra, og vi har fått tilføyingar. Mest kjent er forbodet mot jødar og jesuittar, oppheva i respektive andre halvdel av 1800-talet og det siste så seint som 1954. Vi har fått føremålsparagrafar om naturvern.

§ 110b.
Enhver har Ret til et Milieu som sikrer Sundhed og til en Natur hvis Produktionsævne og Mangfold bevares. Naturens Ressourcer skulle disponeres ud fra en langsigtig og alsidig Betragtning, der ivaretager denne Ret ogsaa for Efterslægten.
For at ivaretage deres Ret i Henhold til foregaaende Led, ere Borgerne berettigede til Kundskab om Naturmilieuets Tilstand og om Virkningerne af planlagte og iværksatte Indgreb i Naturen.
Statens Myndigheder give nærmere Bestemmelser til at gjennemføre disse Grundsætninger.
Tilføyd ved grlbest. 19 juni 1992 nr. 463.

Har vi tatt vare på maktfordelinga i det norske samfunnet, slik ein var opptatt av for om lag 200 år sidan?
Den franske filosofen Montesqieu frå Opplysningstida var opptatt av maktfordelings-prinsippet: utøvande, lovgivande og dømmande makt:

"All makt i denne sal," var mottoet til Johan Sverdrup, då Noreg innførte parlamentarismen i Noreg i 1884, etter lang tids strid med den norsk-svenske kongen: Regjeringa måtte deretter ha tillit og fleirtalet bak seg i Stortinget, med sterk politikarmakt, på godt og vondt, til dels utan korrektiv, og det var i strid med Grunnlova. Dommarane skal vere uavhengige, men vi veit at politikarar også har prøvd å påverke samansetnad av domstolane.

Grunnlova har også vorte politisert i si fortolking, og vi har ikkje ein forfatningsdomstol i Noreg, slik vi ser at Tyskland har, med sete i Karlsruhe.
Norsk Høgsterett har tatt den juridiske vurderinga at endring i Grunnlova kan komme av samfunnsendringar og politisk modning. Mange undrar seg over at §1 i Grunnlova kan vere grunnlag for politisk skjønn, utan at ein går inn for grunnlovsendring som vi gjorde som ei presisering for nesten hundre år sidan:

Kongeriget Norge er et frit, selvstendigt, udeleligt og uafhændeligt Rige. Dets Regjeringsform er indskrænket og arvelig monarkisk.
Beslutn. 18 nov 1905 jfr. beslutn. 7 juni 1905.

Om 3 år har vi 100-års-markering for at vi gjekk ut av ein union med vårt nærmaste nabofolk. Vil vi då på nytt gå inn i tredje runde av ein ny og opprivande unionsdebatt? Vi har det best med oss sjølve om vi lét det vere. Mange meiner også at folkestyre har mest å gjere med nærleik mellom styrande og dei styrte, men fasit kan vi ikkje utlevere.

1814 er svært lenge sidan. Men eg finn ikkje at det er så lenge sidan som det var før. Det vil altså seie at når vi har levd ei stund, synest vi no at vi har vore med i ei forholdsvis lengre tid av historia etter 1814 enn vi hadde før.

Då eg var liten og voks opp i Ålesund, hadde slekta følgande viktige knaggar som målestokk: Bybrannen i 1904, kanskje nemnd saman med røystinga om kongedømme kontra republikk i 1905 (ja, ja, den familien var fritenkjarar, var ikkje i bedehuset, og så stemte dei for republikk) - og så var det før og etter krigen.

Ein stadig større del av folket vårt kan titulere seg med "Vi som ikkje opplevde krigen," men kva referanseramme har vi? Det har vore ei jamn utvikling mot stadig større velstand, og utan traumatiske opplevingar nær oss.

Vi har dei siste få åra 2 gongar vore i krig, med gode føremål, ser det ut til, litt diskret, og som ein del av eit verdspoliti: Krigen mot Serbia som følge av Kosovo og Slobodan Milosevic, og no krigen mot Taliban og Al Qaida i Afghanistan. Krigen i Afghanistan vert langvarig, og vi har tenkt å verte der lenge: I revidert statsbudsjett for nokre dagar sidan fekk Forsvaret 1,7 milliardar kroner ekstra. Av dette skal 600 millionar gå til den norske krigføringa i Afghanistan, og heile 394 av desse millionane igjen skal nyttast til å oppgradere 4 F-16-fly til presisjonsbombing, operert utifrå ein tidlegare sovjetisk base i det nye landet Kirgistan i Sentral-Asia, no under amerikansk kontroll. Saka er ikkje hemmeleg, men heller ikkje eit offentleg tema.

I 1814 hadde vi Napoleonskrigane tett innpå oss. I 1809 hadde Russland tatt Finland frå Sverige, men Sverige fekk grei melding frå England om at Sverige måtte forlike seg med Russland og at Noreg skulle skillast frå Danmark, berre ein fekk has på Napoleon. Noreg-Danmark var på "feil side" under krigen, altså Napoleonskrigane, og det tyder på fransk side.
Hausten-vinteren 1812 gjekk Napoleon på eit frykteleg nederlag etter å ha inntatt Moskva. Russarane sette fyr på byen, dei franske styrkane fraus og var utan forsyningar, og byrja på dødsmarsjen heim. Mot ein svekka fransk keisar reiste dei tyske småstatane seg, og ved det berømte Folkeslaget ved Leipzig i 1813 vart Napoleon endeleg knekt, og måtte dra i eksil til Elba nord for Korsika.

25. januar 1814 fekk Sverige lovnaden oppfylt ved Kiel-traktaten: Noreg skulle bytte unionspartnar. Rasande nordmenn sette som kjent i gong den 3-månaders-thrilleren som skulle føre fram til Grunnlova på Eidsvoll. Dei fekk komme dei som hadde tid. Dei oppnemnde frå Nord-Noreg nådde ikkje fram i tide.

Noreg hadde vore igjennom harde år. Engelske krigsskip gjennomførte ein blokade av norske farvatn, og alle kjenner soga om Terje Vigen som skulle ro til Danmark etter korn, og på heimvegen vart han stoppa, ført til England og sat i prisonen, mens familien svalt i hel heime.
Spesielt året 1811 var katastrofalt, fordi det var kjølig sommar, og kornet vart ikkje mode på hausten. Folkehelsa var allment svekka, og det er dokumentert mange tilfelle av hungersnød også som direkte dødsårsak.

Vi er vant til å tru at vi lever under trygge vilkår, soga er lagt bak oss, og framtida er sikra i eit oljefond. Men tidene kan skifte fort, og naturen er mektigare enn oss, jamvel om vi trur vi skal tvinne han rundt lillefingeren. Det vil komme varme periodar, små og store istider, fæle stormvér, kanskje flodbølger. Kystlinjene er ikkje stabile, og vi trur no at havet vil ha stige med minst 60 cm om 60 år – kor mykje har vi vel ikkje ståande i sjøkanten?

Hovmodet vårt kan stå for fall, når vi trur vi har gjort oss uavhengig av primærproduksjonen. Spør vi ungdommane våre kva dei skal verte i yrkeslivet, er eit vanleg svar: "Eitt eller anna innan data." Dessverre er det få som finn optimisme og meining i det vi sa for 25 år sidan: "Eitt eller anna innan landbruk."

Ikkje noko land som ikkje kan brødfø seg sjølv, kan overleve i det lange løp.

Fridom er eit spesielt fenomen.
Ein dag var eg innom ein dyrehage, og kom til eit bur som var merka "Fridomen." "Dette vart rart," sa eg til ein dyrepassar, "eg ser ingen der inne." "Nei, det finn vi også ut," svara dyrepassaren. "Kvar gang vi set han inn, vert han borte."

Ein vaskesetel på eit klesplagg var også litt pussig: "10% ull, 90% kunststoff – 0% rettferd, 100% svik."
Tankane fører mot ei OECD-undersøking som viser at Noreg er det mest korrupte av dei 5 nordiske landa. Og vi som trudde at korrupsjon berre høyrde heime i Sør-Amerika, Det fjerne Austen – og i Frankrike med ein norsk korrupsjonsjegar i spissen. Hos oss er det sikkert få boblebad og lite pengar i neven, men kameraderi er eit stort problem.

Vi skal ikkje utdjupe dette meir på ein dag som dette, men ta åtvaringa med ut i ein ny kvardag. Det er ikkje alltid berre å gå klar av lovbokstav og skjønn, men også stå oppreist av det vi har gjort, seinare ein gong, ikkje minst våge å konfrontere oss med oss sjølve i ettertid. Har vi gjort rett for oss?

I dag har vi også rett til å glede oss over bragdene samfunnet og nasjonen har fått fram, og vi skal sjå framover. Men som ein fransk kollega sa til meg i sitt heimland for ei tid sidan: "Du skal prøve å vere lukkeleg også i dag. Kan du ikkje ha små og store gleder på denne dagen, skal du ikkje rekne med at lukka kjem til deg ein dag i framtida."

Sunn nasjonalkjensle er av det gode, der vi har fått til nasjonsbygging, utan å sjå ned på andre folkeslag. La oss feire og glede oss over Grunnlova som vart ei plattform for vårt sjølvstende.

Gratulerer med dagen!