NY Mg-KALK MED OLIVINMJØL
Publisert i Vestlandsk Landbruk Nr. 2. 12.02.2002
Landbrukskalk er ofte ein viktig kjelde for magnesium til jord og plantar. Så langt har magnesium i kalk vore basert på dolomitt med magnesiumkarbonat - eller som felt magnesiumoksid. Men våren 2001 vart finmale olivinmjøl godkjent som magnesium- og jerngjødsel, enten brukt åleine eller blanda inn i andre kalkprodukt for landbruket.

Karl-Jan Erstad, Rådgivande Agronomar AS

Funksjon av kalsium, kalium og magnesium
Desse tre basekationa står i ei særstilling i planteernæringa, fordi dei merkbart kan fortrenge kvarandre ved planteopptak. Mest aggressivt er kalium som er lite og svært rørleg, finst som reservar i glimmer- og leirjord, og dessutan kan finne verna sitteplassar på spesielle leirmineral, spesielt illitt i våre jordsmonn. Magnesium er spesielt utsett for fortrenging, vert lett vaska ut av jord, og magnesiummangel er vanleg på store landbruksareal.

I plantefysiologien krevst kalium spesielt i cellene for å halde oppe turgortrykket (saftspenninga), mens kalsium er nødvendig for cellestrekning og –deling, og stabiliserer nyleg syntetiserte cellemembranar. 15-20% av total magnesium i plantane inngår i klorofyllmolekylet, mens det øvrige tar del i ei lang rekke enzymsystem, som fosforyliseringsprosessar og danning av proteinar. I kjerne av korn inngår magnesium som salt av fytinsyre, som er lagringstilstanden for neste generasjon.

Ultramafiske bergartar og mineral
Ultramafiske bergartar er urfjell opprinneleg frå den flytande mantelen, samansett av jern-magnesium-mineral, som er skyvd opp og erodert fram frå nedre delar av jordskorpa, frå djup på 30-50 km. Der erosjonen etter oppskyving og frambrot av geologiske plater har vore voldsom, kjem desse opp i dagen, slik vi finn det på Nordvestlandet, spesielt på Sunnmøre og i Nordfjord. Vidare er det førekomstar i Ballangen i Ofoten, Kvaløya ved Tromsø, og Stjernøy og Seiland i Vest-Finnmark. Dei vanlegaste minerala er olivin og serpentin. Over tid går også olivin over til serpentin under tilgang på vatn og luft.

Olivin er samansett av to tvillingsilikat, magnesiumsilikat (forsteritt) og jernsilikat (fayalitt).

I verdssamanheng er jordsmonn av ultramafiske bergartar åleine svært problematiske, fordi dei framviser ekstreme nivå av magnesium, og er nesten frie for kalsium og kalium. Mange stadar er jorda også grovkorna og dermed spesielt tørkesvak.
I Noreg er olivinsand derimot blanda med mineral lausmasser frå andre bergartar, og vi får rikare samansette jordsmonn, samtidig velforsynte med magnesium og med god kalktilstand. Slike rike jordbruksbygder er Bryggja i Nordfjord, Åheim, Bjørkedalen og Tafjord på Sunnmøre.

Olivinmjøl godkjent som gjødsel
Våren 2001 vart olivinmjøl frå AS Olivin på Åheim godkjent som gjødselmiddel, med vekt på magnesium, men også jern. Jernmangel er sjeldnare, men vi har slite med problemet spesielt på ein del kystmyrar. Olivin er som silikat sakteverkande, under like formaling også saktare enn dolomitt som er eit karbonat. Dette må ein kompensere for gjennom sterk finmaling, såkalla mikronisering, og dei leverte produkta har ei kornfordeling om lag som vassdragskalk – eller potetmjøl i konsistens.

Spørsmålet om nikkel i olivin var sentralt i godkjenningsprosessen. Statens Landbrukstilsyn hadde innvendingar mot innhaldet på 0,2% i olivin, men gjennom internasjonal forsking er det godtgjort at det meste er svært sterkt bunde i materialet. Biotilgjenge ligg på eit nivå av 0,4% av total mengde, og i passe mengder har nikkel for få år sidan segla opp som det siste på stammen av mikronæringsstoff. Det er essensielt for funksjonen av enzymet urease, som sørger for nedbryting av urinstoff.
Med landbruk gjennom hundrevis av år i ultramafiske område på Vestlandet seier folkeminnet heller ingenting om nikkelproblem knytt til olivinrik jord.

Olivin og serpentin brukt i andre land
Gjennom dei siste 50 åra har serpentin og olivin vore utprøvd i fleire land som USA, Sør-Afrika og Taiwan, og framleis er dei fullt ut nytta på New Zealand og i Japan. På New Zealand har ein framstilt serpentin-superfosfat, som har vorte ei populær magnesium- og fosforgjødsel. I Japan vert det nytta rundt 230.000 tonn serpentin og det nærståande peridotitt (olivin) kvart år. 180.000 tonn går med til produksjon av såkalla smeltefosfat, og 50.000 tonn til rein magnesiumgjødsel.

Olivinmjøl som gjødselvare
Olivinmjøl kan nyttast direkte, men den store bruken vil neppe komme der, kanskje spesielt på grunn av brukseigenskapane, vanskar med å handtere ei så finmalen vare. I ordinære handelsgjødselspreiarar vil olivinmjøl støve sterkt. Ein viss fordel samanlikna med ein del andre mjølvarer (t.d. finmale dolomittmjøl) er at olivinmjøl er meir vassavstøytande og gir mindre klumpdanning, men med dei store partikkeloverflatene må produktet likevel vernast mot inntrenging av vatn.

Med heile 30% magnesium og 5% jern gir det ein langsiktig reserve i jord. Løysingsfarta aukar sterkt når pH går ned, og verknaden vil vere god på litt sur og middels sur jord, t.d. ved pH rundt 5,5-6,0 som vi finn det på myrjord og delar av mineraljorda. I svært kalkrik jord vert olivinmjøl sakteverkande.

Olivinmjøl i Mg-kalk
Gjødselverknaden er undersøkt ved tidlegare forsking, mens nøyaktig kalkverdi for landbruket vert no målt ved jordinkubasjon i laboratorium.
Ekstra magnesium har gjennom lange tider vorte tilført ved bruk av eigna kalk som t.d. kalkdolomitt eller rein dolomitt. Ei populær vare i delar av kalkmarknaden har vore såkalla Mg-kalk 6%, og som tilsetning til kalksteinsvarer kan ulike magnesiumkjelder nyttast. Eitt kalkverk (Steens Kalkverk AS på Hamar) har for kort tid sidan starta med innblanding av olivinmjøl, og dermed har dette kome ut i marknaden spesielt i Solør. Særleg siltjord i det området har magnesiummangel, og ein må sikre stabil forsyning ved potetdyrking.

Eit par andre kalkverk vurderer også bruk av olivinmjøl, og det synest klart at Breivik Kalkverk AS på Søre Sunnmøre vil tilby denne Mg-kalken til vårsesongen. Vi ser at ved entreprenørspreiing av finmalen kalk, ved innblanding i fin grovkalk eller ved produksjon av granulert vare vert også bruksproblema av slikt finmale olivinmjøl handtert på ein tilfredsstillande måte for landbruket.