RØYNEBERGSAND SOM KALIUMGJØDSEL
Av forskar Karl-Jan Erstad, Rådgivande Agronomar AS
Publisert i Økologisk Landbruk Nr. 2. april 2002
Røynebergsand frå Røyneberg Pukkverk (Norstone AS) på Sola på Jæren inneheld ca. 15% biotitt, som igjen gir 0,8% plantetilgjengleg K (kalium), målt som løyseleg i 1 M salpetersyre. I veksthusforsøk har Røynebergsand gitt god etterforsyning av kalium til 2. slått og god mineralbalanse i plantene. Lettløyseleg kalium i mineralgjødsel gir store svingingar i kaliuminnhaldet, og verkar fortrengande på andre mineral (antagonisme).

Kalium frå bergverksmineral
Heilt sidan mangelåra under 1. verdskrigen har vi i Noreg vore opptatt av å finne norske mineralske råstoff som kunne nyttast i planteernæringa, og i dei siste 15-20 åra har vi arbeidd med ulike steinmjøl for økologisk landbruk. Kaliumforsyninga er eit spesielt ømt punkt.

For å konkurrere direkte med lettløyselege K-kjeldar i konvensjonelt landbruk bør salpetersyreløyseleg K (7 M syre) ligge på 2-5 % og siktekurva helst vere 0-0,5 mm, alt avhengig av produksjons-, transport- og spreiekostnader.

Så pass konsentrerte kaliumhaldige mineral har det vore vanskeleg å få i produksjon, fordi kjeldene kan vere tungt tilgjengelege, investeringane store og marknaden usikker. Derfor har vi sett om det kan finnast igongverande berg- eller pukkverk som har interessante avgangar, finstoff med tilgjengeleg kalium til ein rimeleg pris. For sideprodukt i ein større produksjon vert det ofte berre rekna marginalkostnader.

Bitotitthaldig gneis frå Sola
Førre året fatta vi interesse for finsand frå Røyneberg Pukkverk i Sola, som ligg under Norstone AS i Sandnes. Bergarten i Røyneberg er hornblendeførande biotittgneis og er ikkje optimal til pukkføremål (litt svak ved fysiske testar), men vert driven fordi han ligg så sentralt i ein bygge- og anleggsmarknad. Innhaldet av biotitt er på 15%, og vi kan rekne kalium i denne delen som plantetilgjengleg, og utgjer 1,1% av bergarten. Ved måling i litt svakare salpetersyre (1 M syre) enn det som er standard, fann vi 0,8% K-HNO3. Med utgangspunkt i dette analysetalet køyrde vi saman med Jæren forsøksring eit veksthusforsøk på Særheim hausten 2001. Veksthusforsøket var konvensjonelt, og vi samanlikna med kaliumklorid (KCl).

Det var god effekt på Røynebergsand opp til partikkelstorleik 0,5 mm, deretter fall effektiviteten. KCl var noko overlegen både i avlingsnivå og kaliuminnhald i plantane ved 1. slått, men fall kraftig ved 2. slått, då det ikkje var gitt ny K-tilførsel. Røynebergsand ga god etterforsyning. Mineralbalansen var også best ved bruk av Røynebergsand.

Driftsøkonomi
Det er rekna økonomi ved bruk av Røynebergsand 0-2 mm, ferdig spreidd på jordet. Vurdert mot KCl, og då er det ikkje tatt med faktorar som skadeleg luksusopptak, fare for utvasking frå jord og større mineralsk ubalanse ved KCl, er K-verdien sett til vel 50 kr/tonn. I tillegg kjem ein kalkverknad, målt mot grovdolomitt p.g.a. Ca/Mg-forholdet, verdsett til knapt kr 35/tonn. Vi har ikkje hatt forskingsgrunnlag for å kalkulere på muleg silikaeffekt, men løyseleg silika vil ved planteopptak gi betre styrkevev og motverke legde og enkelte soppåtak, betrar jordstruktur og gir større fosforopptak ved konkurranse mellom anion. Ved gjentatt bruk på organisk jord får vi betre bereevne ved sandig mineralmateriale.

Økologisk landbruk kan få dispensasjon til å nytte kaliumsulfat (K2SO4), i alle fall for ein kortare periode. Denne kostnaden er høgre enn for KCl, og alternativverdien for Røynebergsand mot kaliumsulfat aukar til vel kr 70/tonn. På dette grunnlaget vil forsvarleg utrekna verdi av Røynebergsand 0-2 mm ligge på ca. kr 105/tonn ferdig spreidd. Dersom produktet kan leverast i gradering 0-0,5 mm, aukar verdien til kr 130/tonn.
Det skal understrekast at dersom ein eksempelvis må tilføre 12 kg K/daa utover det husdyrgjødsel kan gi, må det nyttast 1,5 tonn Røynebergsand 0-2 mm, evt. 1,1 tonn 0-0,5 mm.

Økologisk og økonomisk forsvarleg?
Det kan påpeikast at transport langs kysten av Sør-Noreg av større mengder produkt av denne typen som oftast ikkje svarer seg, jamvel om båtfrakter er rasjonelle og konkurrerer godt.

Men spesielt på Jæren er transportavstandane med bil korte, der finst kalkspreievogner i drift, og leverandøren kan halde ein god pris til bonde, berre litt i overkant av den tidlegare skisserte altnernativverdien målt mot kaliumsulfat+grovdolomitt.

I tillegg ser vi for oss at det er forsvarleg å spreie dette steinmjølet på ettervinteren på omtrent snøfri jord, i god tid før sjølve vekstsesongen, fordi vi ikkje har grunn til å rekne med auka K-lekkasje og tap frå jorda. Samtidig med at trongen for vedlikehaldskalking vert dekka, vil tidleg spreiing kunne kompensere for meirarbeidet med delt gjødsling.

Vi ønsker at økobonden spesielt på Jæren og til dels Agder skal vurdere nøye dette alternativtet.