EIT EVENTYR OM RETTFERD
Publisert i Norsk Landbruk Nr. 21. 22.11.2001
Dette eventyret handlar ikkje om å ha rett, men om å få rett. Det pene kjønnet er nøytralt til eigen lagnad, men tenk deg at det var Teiande Birgitte frå Halvard Flatland sitt TV Norge.

Av Karl-Jan Erstad, Folkestad
Det var ein gong ein mann i Dalen som fekk eit brev frå mannen på Fjellet: "Eg vil ha kona di, og kan du ikkje gjendrive kravet mitt, er ho mi om 14 dagar."

Mannen i Dalen synte fram ekteskapsdokument og søkte hjelp hos lensmann og prest, men begge sa at i desse tider hadde han det som mannfolk flest.

Men kommunen måtte rydde opp i sånt vås, meinte mannen i Dalen. Men kommunen ville ikkje vere partisk sett i lys av sakens spesielt ståande stilling. Mannen på Fjellet måtte vel ha ein god grunn for å fremme kravet, sa kommunen. Vakrare kvinne enn Birgitte skulle du aldri sjå. Ein måtte syne vilje til å finne fram til kompromiss, og personleg sa ordføraren at det var viktig å auke tenestetilbodet for alle innbyggarane. Mannen i Dalen fortvilte og viste til det tiande bodet i Gamletestamentet, men administrasjonen tolka og sa at det var mange døme i livet på praktisk tilpassing av Moses sine ti bod.

Mannen i Dalen tenkte at dette kunne ikkje berre avgjerast administrativt, og skreiv brev til kommunestyret. Sakshandsamaren noterte at mannen i Dalen og mannen på Fjellet var påståelege begge to, så her var det delt skuld, og det måtte verte delt løysing. Rett nok var han i tvil om det var i samsvar med lovverket, men meinte at politikarane heilt sikkert ville like innstillinga. I formannskapet ivra ordføraren for administrasjonen sitt balanserte framlegg, for han kjente sjølv sakens gang ut og inn. Formannskapet slumra og sov som vanleg, så saken glei rett inn, og vidare til kommunestyret. Der tok politikarane fram snippaposane sine, og strødde sand over vedtaket.

Mannen på Fjellet kunne snart ta sitt stikk, men mannen i Dalen ville ikkje gi seg utan ein anke. Fylkesmannen rugde på klagen og lovverket ei tid, men ville ikkje gripe inn av respekt for det lokale sjølvstyret. Slik gjekk det til at Birgitte skulle vere to veker hos mannen på Fjellet, og så to veker hos mannen i Dalen.

Så hadde eit år gått. Til Jordskifteverket kom det inn eit krav om ny utskifting frå mannen på Fjellet, fordi han hadde så tungstelt hus. Han måtte få ha Birgitte i tre veker kvar månad, og jordskiftedommarane viste stor skjønsemd for kravet, for heile føremålet med Jordskiftet som institutt var å rydde veg for nødvendige bruksendringar som følgde utviklinga. Skjønnet vart utøvd på beste måte, og slik enda det med at mannen i Dalen fekk ha Birgitte berre den eine veka i månaden.

Nok eit år gjekk, og så tok mannen på Fjellet seg sakførar, og det kom straks trugsmål om sivilt søksmål mot mannen i Dalen: Norsk lov viser at bigami er ulovleg. Advokaten hadde dessutan gode kontaktar hos påtalemakta slik at offentleg påtale etter Straffelova kunne nyttast. Ein måtte legge vekt på kor Birgitte var det meste av tida, og advokaten prosederte i brev på at opphaldet sikkert var der ho helst ville. Mannen i Dalen fekk avslag på søknad om fri rettshjelp, og mannen på Fjellet hadde fått tifald att for å satse sparepengane på stjerneadvokat. Alle såg at sanninga si sak sigra kun mot vederlag.

Slekta i Dalen utvandra seinare til Amerika, mange papir kom etter kvart heilt bort, nokre ligg att i Riksarkivet i Mo i Rana, og plassen i Dalen vart leigejord til ein nabo. Men ein dag kom det eit krav frå folket på Fjellet, som ville ha plassen i Dalen, for der hadde oldemor Birgitte ein gong budd. Men matrikkelen viste at Fjellfolket nesten ikkje hadde skyld, nokon stad, i fall nokon skulle ønske å legge vekt på det.

Snipp, snapp, snute, så var bygdelivet ute.

Eit kvart samanfall med norsk samfunnsliv var ikkje tilfeldig, men tilsikta.