Velkomen

Vi er i utgangspunktet to personar, underteikna og mi kone Anne Erstad-van der Vlugt, som tek på seg konsulentarbeid innan rammene for dette aksjeselskapet. Begge er vi dr. scient. innan landbruksvitskap.

Vi driv med forsking, konsulentarbeid og tilrettelegging av fagkunnskap. Vi har kontor og laboratorium i Korssund i Fjaler, Ytre Sunnfjord.

Gjennom våre prosjekt deltar også ein russisk forskar (planteernæring og matematisk modellering), Dr. Nikolai Y. Konovalov med base i St.Petersburg. F.o.m. juli 2002 har cand.agric. Christian Hillmann trådt inn i vårt arbeidsfelleskap som ny partnar i vårt "advokatfirma," først med kontor i NLH-miljøet på Ås, seinare som naturforvaltar i Luster kommune, frå 2008 som rådgivar hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Miljøvernavdelinga - som hovudvirke.   Han driv innan vilt-, fiske- og vassdragsforvaltning.
F.o.m. januar 2007 har cand. agric. Helene Grøndalen i Valdres starta hos oss. Frå starten av har ho gjødselplanlegging og KSL-revisjonar i landbruket som hovudvirke.
Sommaren 2014 kom Anne Stine Bondli inn i arbeidsfellesskapen, med arbeid innan kulturlandskapstiltak, grøfteplanlegging, bruksutbyggingssøknadar til Innovasjon Norge, driftsplanar og elles landbruksrelaterte søknadar.

All kultur er dyrking, først og fremst av jord. Med denne vår hovudnæring, primærnæringa, kan vi med basis i ‘agronomi’ utvide våre arbeidsfelt, og dekkar fleire fagområde innan nye bygdenæringar, tilgrensande tekniske felt, og betring av natur- og miljøkvalitetar. ‘Pour la Qualité de la Vie.’

English version of the page:

Karl-Jan Erstad
sist oppdatert: 22. februar 2019